Colorlinetour

 

Ekstra treningsøkt med Jens Gunnar

Det nærmar seg ei tid då potensielle CLST-deltakarar må begynne å tenke på førebuingane til det som for mange er årets høgdepunkt. Krysse målstreken i Hovden sentrum er spesiellt, uansett om målet er å fullføre eller setje ny personleg rekord,  Vi har alle ulike mål, men det som er likt for alle er at det må trenast for å nå måla. Kan vere greitt å kome i gong snarast og ikkje vente til flesket sit enno fastare rundt midja og viljen er svak etter eit svært inntak av marsipangrisar i jule/nyttårshelga.
 

Her i Bykle er folk godt i gong med spinningøkter mandag og torsdag. Eg dreg i gong ei ekstra spinningøkt kvar onsdag kl. 18.00 i Bykle. I utgongspunktet er økta tenkt for potensielle CLST- deltakarar, men er det ledige syklar er alle velkomne.

Innhaldet i alle øktene vil vere langintervallar på 8min, ein del styrketråkk og innøving av "rundtråkk". Intensiteten vil ligge på terskelnivå,mjølkesyra "pirrar" vi berre denne økta. Lengda på økta har eg tenkt omkring 70min.

Første økta vert 21.november kl.18.00. Send ein SMS til meg på mob. 97 64 32 82 om du vert med.