Colorlinetour

 

Skal vi prøve på nytt i 2014?

Sykkelinteressa øvst i Dalen har dabba for kvart år. For tre år sidan var vi over 40 stk som sykla CLST, i år var vi bare tre stk. Dette må vi prøve å gjere noko med.

Går du med ein liten draum om å bruke sykkelen til litt meir aktiv trening enn det du gjer? Så har du sjansen nå.

Vi er nokre stykke som har snakka om dette. Kanskje vi kan sykle saman? Høyres dette interessant ut, er du velkomen til informasjonsmøte på samfunnshuset i Bykle, tysdag 11. juni kl. 19.00. Er du kvinne eller mann, sprek eller i dårleg form, er det bare å kome. Du treng ikkje ra racersykkel for å stille opp. Mange har nok ulike ambisjonar med syklinga, men vi må blant anna diskutere dette:

· Kva med felles trening? Ei eller fleire gonger i veka?
· Kva skjer nå vegane blir glatte? Spinning?
· Kanskje nokre har ambisjon om å sykle Colorlinetour i 2014? I så fall må vi ha ei romslig tid for ikkje å skremme bort dei som har lyst til å vere med.
· Sykkelhelg i løpet av våren 2014, der vi samler ”mange” mil.
· Skal vi invitere valldølar og folk frå Haukeli til å bli med? Til fleire vi er, desto lettare går det.
· Evt   

Helsing Gitte, og Eivind  Andre