Colorlinetour

 

Sykkelhelg 3. - 5. mai????

Dette blir sekretæren sine eigne tankar - altså ingen ting er bestemt. 
Har sysla litt med tanken om ei sykkelhelg 3. - 5. mai. Har snakka med eit par ryttarar frå Hovdenekspressen, og dei synes dette høyrest interessant ut.
  Ser føre meg at vi startar på Hovden (Bykle for dei som vil), litt tidlig på ettermiddagen fredag 3. mai. Resten av ettermiddagen/kvelden, brukar vi til å kome oss til Rjukan. Laurdag 4. mai, syklar vi frå Rjukan, over til Sauland, og vidare til Nutheim, Øyfjell og ned til Dalen. På søndag syklar vi frå Dalen, over med Bjørnevatn, og vidare heimover til Bykle/Hovden. Fil Her kan du sjekke løypekart, og det eg har funne ut av prisar så langt. Hadde vore fint med ein sjåfør som kan ta med seg litt klede, mat osv. Kanskje vi finn ein? Høyrest dette interesant ut, bruk tilbakemeldingsskjemaet i venstre marg. Gjerne så fort som mogleg, slik at vi kan booke overnatting.